I går markerte den amerikanske skulen graduation for klassen til Birgit. Det vart gjort med stil. Graduation betyr ei markering av at barna går over til det dei kallar middelskulen og det er samstundes ei markering av at dei vert ungdommar!
Klassen hadde hatt valg på kven i klassen som skulle tala, ein gut og ei jente vart valgt (med vara). Birgit vart valgt til å tala, og Djanna som er den beste venen hennar vara. Dei to valgte då å halda ein tale saman. Dei hadde laga ein fin tale saman, der hovudlærar, rektor og andre vart takka med humor og varme. Fleire kommenterte til oss etterpå kor flott det var at Birgit talar på vegne av klassen, ho som ikkje ville sei noko hausten 2007.
Sermonien vart lagt til denne fredagen for at Birgit og skulle få vera med på markeringa. Det er me takksame for, det vart ei flott avslutting for Birgit.
Etter sermonien var det kake og brus og samtalar på plenen. Me gjekk rundt og takka for oss. Jentene våre har lært uendeleg mykje på denne skulen og me kjente på kor takksame me er.
Heena inviterte Birgit og alle jentene i klassen heim på avsluttingsselskap etter sermonien.
Sigrid og Birgit har fått sommarferie. Sigrid har hatt ei travel veke med innleveringar og eksamenar, sidan me er vekke dei 2 siste vekene av skuleåret. Ho har takla alt heilt flott. Nå koser ho seg saman med vener. I kveld skal ho på “prom” – som er avsluttingsfesten hennar.
Tor og eg har kava fælt med å tøma huset, få sagt opp alle kontraktar og avvikla alt på skikkeleg vis her. Me hadde flyttebyrå i går som pakka alt som skal til Noreg (minus det me tek med på ferie). I dag henta kjøpar av møbler store deler av møblementet, og OMNIS det meste av det som vert fordelt på sentrale program-medlemmar.
Nå er huset tomt, og me har teke inn på hotell. I morgon reiser me til Johannesburg.