25. februar

17 år!
17 år!

Sigrid vart 17 år i dag!
Ho gler seg svært til skuletur. Ei gruppe på 8 elevar og ein lærar reiser neste torsdag via Paris til FN barnekonferanse i Tyrkia. Dei er på tur i over 2 veker. Sigrid representerer denne gongen Danmark og skal vera orientert om energipolitikk.

Me har hatt ein spesiell dag. Me har feirt Sigrid her heime, og på skulen hadde venene med kaker og presangar.

Eg og alle elevane har og vore på minnesamling etter ein lærar Birgit hadde i fjor. Han var skutt av inbrotstjuvar her i byen tidlegare i veka. Han var naboen vår i fjor. Skulekoret Sigrid er med i sang. Mange både vaksne og barn var sterkt prega av denne hendinga.