Til sørspissen av Madagaskar

Birgit slapper av i resepsjonen
Birgit slapper av i resepsjonen

28. desember tok me og gjestene våre, Guro, Anja og Knut Erik fly til Fort Dauphin. Der budde me 3 netter på eit flott hotell med air-condition. Me kosa oss med å sjå oss omkring, bada i havet i svære bølgjer og åt god mat. Det var ganske varmt, og av ulike grunnar sovna nok alle før klokka 22 nyttårsafta.

1. januar hadde me leigt oss 2 pick-up bilar med sjåførar og ein guide som kunne engelsk. Me kjørte avgarde, fyrste dag til nasjonalparken Andohahela, eit geografisk vegkryss. Der møter 2 klimasoner kvarandre. Me såg fjell oppimot 2000 meter og elver som skulle ha vore fulle av vatn, og 3-kanta palmer. Det var svært varmt å gå i parken. For min del drog 2-3 vepsestikk noko ned. Men naturen var fantastisk og mykje av det som vaks finns berre der.

I frå Andohahela kjørte me vidare gjennom sisal-plantasjar og mesten ørken til eit reservat som er tilrettelagt for turistar med pengar. Der møtte me 5 ulike typar lemurar, fekk god mat og såg mange typar fuglar. Fyrste natta var temperaturen svært høg. Dagen etter var det skyer slik at det vart noko mindre varmt.

0901_31Dag 2 på kjøreturen fekk me mange inntrykk av ulike slag. Me kom inn i områder der folk brenn kaktus fordi kveget då kan eta og få veske og næring frå kaktusen, og folk går med kveget inntil 2 dagar for å kjøpa vatn. Det fanns ikkje vatn, og eg forstår ikkje korleis menneska kan overleva utan enkel tilgang til vatn i over 40 grader. Det er eit tankekors å sjå skura dei bur i og samanlikna med “palassa” dei gravlegg sine døde i. Når ein mann døyr må liket ligga heime til dei har råd å halda gravfest, gjerne eit heilt år. Den døde mannen sine dyr m.v. går med til gravferda.

Målet med den eksotiske reisa vår var sørspissen av Madagaskar, nasjonalparken Cap St Marie. Vegen var dårleg og temperaturen høg. Ingen skal sei det var ei behageleg reis. Men me kom fram. I nasjonalparken såg me eindel skilpadder og spektakulær natur.

Siste dag tok Tor og eg ein guida tur for å sjå på fuglane frå kl 06-08, deretter frukost og retur til Fort Daupin og flyplassen.

Alle var glade då me kom heimatt til Tana, her er temperaturen stort sett under 30 grader og me har nok toaletter.

I morgon startar Birgit og Sigrid på skulen og eg skal på jobb.