Thanksgiving på Vakôna Lodge

For amerikanerane er Thanksgiving ei stor og viktig feiring. Skulen til Sigrid og Birgit hadde difor fri torsdag og fredag. Torsdag jobba eg halv dag, og så la me ut på tur saman med Jon Magne, Hanne, Mats og Stian. Me kjørte til Vakôna Lodge i regnskogen ved nasjonalparken Andasibe. Det regna mykje men ikkje heile tida.

Dei 3 ungane har storkost seg både på hesteryggen og på lemurøya. Lørdag morgon gjekk me ned til lemurøya før frukost for å vera sikre på at lemurane var svoltne. Ungane fekk litt banan, og då kom lemurane hoppande.

Jon Magne og eg hadde ein flott tur i Andasibe nasjonalpark med ein flink guide. Me såg ulike typer insekter, 3 typar lemurar og mange ting som veks som eg aldri hadde klart å førestilla meg fanns i naturen. Eg tok bilder av gule, blå, røde og oransje soppar. Lemurtypen indri-indri er kjend for å ropa høgt for å markera sitt revir. Me vart ståande under ei gruppe mens dei ropte, og det var ein høg og intens lyd – det var ikkje skogens fred og ro! Ellers var der alltid ein kavalkade av fuglar, froskar og sirisar å høyra.

Sigrid ville helst feira Thanksgiving saman me sine amerikanske vener, så ho har feira på ekte amerikansk vis i huset til den amerikanske ambassadøren her i Tana. Ho har budd der frå torsdag til eg nettopp henta henne nå søndag kveld.

Alle var samde om at det hadde vore ei flott helg!