Etter ei veke på tur vest på Madagaskar foreslår Tor kulekjøring som overskrift. Me har kjørt ca 180 mil, og meir enn 100 av dei på svært dårleg veg. Det var ofte ikkje lett å vita forskjellen på veg og inntørka elveleie, og me lurte innimellom på om me var på vegen.
Fyrste dagen kjørte me over høglandet frå 1600 moh til 100 moh i utruleg vakker natur til Miandrivazo, som vert kalla den varmaste staden på Madagaskar. Vegen var god heile dagen. Hotellet var svært enkelt. På slike varme stader har hotella restaurant med golv og tak og lite vegger. Midt under middagen gjekk straumen, og me tok fram lommelykter på bordet der me sat. Då fann insekta rundt oss vegen, og ein sverm av grashopper og andre kjente og ukjente insekt landa på oss og i matfatet.
Dag to kjørte me til Morondava, og starta med 12,5 mil veg som tidlegare hadde vore asfaltert. Me rista av garde. Mykje vegarbeid pågjekk langs vegen, og der var mange omkjøringar der dei nå lagar nye bruer. Syklonane på Madagaskar med svært mykje nedbør gjer det vanskeleg å vedlikehalda vegane. Me hadde nokre mil der vegen var god, med unnatak av bruene, men dei 5 siste mila og innkjøringa til Morondava var det kulekjøring i svære kuler. Ofte var det enklast å kjøra utafor vegen. Eg tenker på korleis det kan vera å bu i ein by med så dårlege vegar som i Morondava, det er sjølvsagt få som bruker bil som framkomstmiddel, men det ser ikkje enklare ut på oksekjerrene med dei høge smale hjula. Rønnaug og Kirsten ville kvila når me kom fram til Chez Maggie, som heldigvis var eit betre hotell enn det forrige. Eg og jentene heiv oss i sjøen. Den var kanskje 30 grader, med bølger og brenningar. Me leika og kosa oss.
Dag tri var det berre “elveleie-kjøring”, avbrote av to elve-ferjer. Tidleg på dagen kom me til “baobab-alleen”. Me kjørte fleire mil i eit område med masse baobabar, og stoppa og tok bilde. Det er flott! Tor kjørte på den fyrste av ferjene me kom til, mens eg sto bak og fotograferte. Elveturen tok ca 40 minutt, og det var flott å sitja på ferja å sjå på båtane, folka og zebuane. Tor ba meg kjøre av for at han skulle ta bilde. I det eg skulle starta fekk eg beskjed om å skifta til 4-hjulsdrift for å koma av og opp kneika. Alt gjekk greitt, men det var denne dagen me var litt i tvil om korvidt me var på vegen eller i eit elveleie. På 15 mil strekning var det bare ett skilt som sa oss at me var på rett veg. Denne dagen, som alle dei andre dagene, såg me store område stå i brann. Her er svedjebruk endå vanleg, sjølv om det ikkje er lovleg i landet.
Før det mørkna kom me fram til L’Orchidée du Bemaraha Hotel, og det var ei positiv overrasking. Maten var god og romma var fine. Dei brukte aggregat og me hadde straum til me sovna i ni-tida.
Dag fire var Tsingy-dagen! Etter ein del diskusjon hadde me vorte samde om å gå for den “strie” 4 timars turen og ikkje den enkle 2 timars turen, fordi me vart fortalde at me ikkje fekk eit skikkeleg inntrykk av Tsingy utan å ta den lengste turen. Hotellet utstyrte oss med svære nistepakkar, og me kjørte av garde. Felix var guiden me leigte på Angap kontoret, han var god i engelsk, sprek, hjelpsom og kunnskapsrik. Fyrst gjekk vi over ei nysvidd slette, og Felix fortalte om bønder utan utdanning som ikkje forstår kor kortsiktig dette er. Deretter gjekk me gjennom ein skog. Me såg nokre brun-lemurar og ein svart og kvit slange. Det var frodig, svalt og godt i skogen. Deretter kraup me gjennom ei fjellhole og så starta oppstiginga. Felix hadde skaffa oss klatreutstyr. Det var eit belte me hadde kring livet med 2 krokar på. Me hekta krokane på vaierar som var bolta fast i fjellsida. Når ein vaier var slutt, tok me den eine kroken over til neste, slik at me heile tida var festa til vaieren i tilfelle me skulle detta. “Stien” som var laga til var ei blanding av stigar, steinar bolta fast i fjellet og det naturen bydde på. Me hadde lese at turen ikkje var noko for folk med høgdeskrekk, utan at eg hadde latt det ta nattesøvnen frå meg. Eg vert mest redd fordi Birgit ikkje er noko redd og hoppar og sprett rundt. Felix gav henne tilnavnet “vazaha-lemuren”.
Det var ein eventyrleg tur! Ingen av oss har nokon gong sett maken til natur. Oppe på toppane var me på 2 ulike platå og såg utover desse rare spisse formasjonane. Nokon klatra med hagehanskar, for steinane me heldt oss i var spisse. Me gjekk ein rundtur, og på nedturen klatra, kraup og gjekk me gjennom holer og hallar som gav sakrale assosiasjonar. Ein skuggefull plass åt me lunsj. Då kom det to mungoar og ville dela maten med oss. Alle kom nedatt heile og i godt humør, sjølv om 40 grader over siste sletta gjorde at me drakk opp alt vatnet me hadde med (2 liter pr. pers).
Dag 5 kjørte me same “elveleie-vegen” tilbake til Morondava, men nå var me sikrare på kva som var veg. Me hadde ikkje kunna ta den turen utan 4-hjulstrekk på bilen. Sjøen var flott å svømma i då me kom tilbake. På alle turane på Madagaskar har me hatt stor glede av reiseguiden Hillary Bradt, men ho skriv at kjøkkenet på Chez Maggie er strålande. Det er ikkje sant.
Dag 6 skilte me lag, Rønnaug, Kirsten, Sigrid og Birgit skulle ha ein feriedag ved sjøen, mens Tor og eg kjørte til Antsirabe. Kjøreturen gjekk fint, men eg kjørte nedi ei hole på ei av bruene.
I går kom alle tilbake her til Tana, to i bil og fire med fly. Dei fleste har diare, og det er godt å vera i eit stort hus med mange bad. Alle har hatt gode opplevingar, og me angrar ikkje på turen, men me kjem neppe til å legga ut på ein så strabasiøs tur att.
To ord om bilen
Bilen er god, men gammel (96-modell). Etter 12 mil med vaskebrett og store hull begynte ladelampene å blinke. Til å begynne med fant jeg ikke feilen, og vi kjørte videre for ikke å miste for mye tid. Det var viktig for oss å komme fram før det ble mørkt. Jeg lette videre hver gang vi stoppet, og på dynamoen fant jeg en skikkelig tjuvkobling: tre ledninger skulle gå inn i en plugg. To av dem gjorde ikke det. De var bare gjennomstukket av en tynn spiker, som utgjorde kontakten videre inn i pluggen. Når bilen ristet, ristet ledningen og det ble dårlig kontakt mot spikeren. Hadde jeg visst hva jeg skulle skrue løs for å komme til denne pluggen hadde det vært lett å lage en kobling som ville holdt helt til Tana. Jeg måtte nøye meg med et provisorium, og det viste seg heldigvis å være godt nok. Deilig å se at noen av de pengene jeg har brukt på Clas Ohlson kommer til nytte.
Nå er koblingen loddet, regulatoren skiftet og vår faste mekaniker skifter krysslagrene i begge ender av mellomakslingen. Først sa han det manglet bare grease, men så fikk han høre lyden det laget. (Tenk deg fire fastnøkler slepende i tau under bilen.) Men den holdt det gående helt fram, og det er hva en god bil skal gjøre. Sa jeg navnet? Toyota Landcruiser: «Veien utenfor veien»!