Ile St Marie og Nosy Be

Dei 2 mest kjente turist-øyene på Madagaskar heiter St Marie (austkysten) og Nosy Be (nord for hovudøya). I løpet av siste veka har eg vore på begge, fyrst med familien på St Marie og deretter på jobb på Nosy Be.

Orkide
Orkide

Siste torsdag flaug me til øya St Marie på austkysten av Madagaskar. Der tok me inn på Sonambo hotell. Sonambo betyr brødfrukt, og der var brødfrukt-tre å sjå (og masse orkidear) . Me flaug med Air Madagascar, og alt gjekk greit med flyreisa. Hotellet var flott, det var 5 meter frå rommet vårt til sjøen, me hadde fin veranda med utsikt over havet. Maten var god.

Jentene bada i det Sør-Indiske hav
Jentene bada i det Sør-Indiske hav

Straks me kom fram til hotellet heiv eg og jentene oss i sjøen, som var ein plass mellom 25 og 30 grader. Men Birgit trødde på ein “sea urchin” – ein slags kråkebolle med piggar på. Ho fekk mange fliser i foten, det gjorde vondt og dei var umulege å få ut. Hotellet hjelpte oss med “medisin”; om kvelden tok me på saft frå papaya og most ingefær og la på bandasje. Neste dag gjekk det greit å gå på foten att. For å ta alt det vonde med det same, så fekk Tor tannverk og tannbulle. Han har hatt frykteleg vondt i ei veke nå. Det tok tid for oss å finna fram til ein brukbar tannlege, men nå er tanna rotfylt. Han går framleis på penicilin.

Juli til september er kvalsesong på St Marie. Då kjem knølkvalen frå Antarktis til desse stroka for å formeira seg. Allereie torsdagen såg me kvalar som svømte rett utanfor hotellet. Fredagen kjøpte me oss ein båttur med motorbåt og var på kvalsafari i 2-3 timar. Ei stund hadde me fylgje med 5 vaksne hann kvalar, dei svømte fort og dukte opp og ned rundt oss.

Ei stund låg me nær ei kvalmor med ein nusseleg baby på bare 4 meter. Det var ein flott tur, men det regna og bles så me var våte og kalde når me kom til land etterpå.

Her ligger en sjørøver begravd
Her ligger en sjørøver begravd

Lørdagen starta me med tur på piratkyrkjegarden. Der låg engelske og franske sjørøvarar gravlagde. Dei hadde ei flott øy som dei budde på, og ein ser ikkje vekk frå att det kan ligga att skattar etter dei. Iflg guiden vår døydde dei av malaria, så det vart slutten på sjørøver-riket deira på St Marie ca 1830 (Libertania). Nokre av gravene var det framleis blomar på – etterkomarane deira passar på. Nokre pårørande bur på St Marie, andre kjem frå Frankrike for å æra forfedrene.

Båtmannen het Christoph
Båtmannen het Christoph

Etter sjørøvarane leigde me ein liten båt som tok oss med ut til Nosy Nato – ei nydeleg lita øy. Der fanns ikkje bilar. Eg fekk meg fersk languster til lunsj (det liknar på ein liten hummar) og det er det beste eg har smakt på lenge. På båt-returen sansa me ein kvalunge som hoppa nær oss, og me la oss rett bak den og mora og låg der og kikka ein halv time. Det er fasinerande å vera så nær så svære pattedyr. Søndag mens Birgit og eg åt frukost var det mange kvalar som hoppa i havet nær der me sat.

Birgit fekk seg ein 2 timar ridetur på stranda søndag føremiddag. Det var strålande flott å oppleva St Marie!

Mandag var eg på jobb på kontoret att, då fekk eg besøk av min fyrste ekspert-delegasjon frå Noreg denne sesongen, så det vart ein møte og planleggingsdag.

Tirsdag reiste ein delegasjon på ca 25 stk frå 3 ulike departement, OMNIS, Bianco og presidenkontoret til ferieparadiset Nosy Be (Nosy er øy på gassisk). Me tok inn på Amarina hotel .

Der var me tirsdag til fredag og utforma utkast til Madagaskar sin petroleumspolitikk. Me jobba mykje, men eg fekk tid til ein svømmetur både om morgonen og etter middagen. Hotellet var dyrt og flott, og det er absurd å bruka så mykje pengar som me gjorde på den turen med deltakarar som tener mindre enn døgnprisen pr mnd. Men utan å gjera noko så spesielt hadde me ikkje klart å samla dei ulike grupperingane til lengre diskusjonar. Eg var godt nøgd med det me oppnådde på workshopen, og for mange av deltakarane vart dette bra både fagleg og som oppleving.

Eg kom heimatt fredag kveld – og 3 norske ekspertar hadde suppe saman med Tor, Birgit og meg før dei returnerte til Europa. Nå skal me ha ei roleg helg her i Tana.