I går fekk me heim skulen si årbok. Det var ei kjempekoseleg bok som gjekk gjennom skuleåret, klasse for klasse, med bilde av kvar elev i kvar klasse, og mange kjekke bilder frå aktivitetar dei har delteke i. I tillegg bilder av alle lærarane og dei andre som arbeider på skulen. Bak i boka skriv elevane venlege helsingar til kvarandre.
Karakterkortet inneheld pr fag for Birgit sitt trinn:
– ein bokstav frå A – F
– eit tal for innsats frå 1-5
– nokre setningar frå læraren om eleven sin innsats, gjerne med ei oppfordring eller gratulasjon bak
– antal registrerte fravær i fagtimen
Dette kortet får me heim etter kvart kvartal, dvs 4 gonger ila året, og kvar gong med alle element over. På Sigrid sitt trinn får me det same unnteke eit tal for innsats.
Undervisninga og opplegget på denne skulen er svært annsleis enn på den norske skulen, meir enn me hadde forutsett. Krava til elevane er høgare, og innsatsen frå elevane er høgare. Trivselen er kanskje og høgare for mange? Eg skulle gjerne visst om gutane gjer det forholdsvis betre på denne skulen enn på den norske, fleire av prosjekta som Birgit har kava seg gjennom i Science i år er fulle av det eg har erfart at gutar er mest opptekne av (frå edderkoppane sin kampteknikk til romfartprosjektet).
Tor og eg er glade, stolte og takksame for begge jentene våre har klart overgangen til amerikanske skulen godt. I haust var me usikre på om Birgit som ikkje kunne stort engelsk, vart pressa for hardt. I dag fekk ho eit karakterkort som ho har grunn til å vera stolt over, Birgit har vakse på dette året!
Skuleavslutting er her knytta til mange avskjedar, både Birgit og Sigrid har vener som flytter til andre delar av verda denne veka. Sigrid gjekk på kafe med venene sine etter skuletid, og nå dreg ho vidare på overnatting. Birgit har hatt besøk av ei frå klassen, og ser film. Dette vart ein god dag.