I formiddag hadde 3. 4. og 5. klasse løping på Alarobia stadion (den like ved oss). De løp 1 engelsk mil (som er 1609,34 meter). Distansen (4 runder på en idrettsbane) har de trent på siden februar.
Birgit ble nummer 8 og satte ny personlig rekord på 8.54. Den gamle var på 9.23. Jeg snakket med henne umiddelbart etter løpet. Da var hun andpusten og varm, men ikke gåen. Det er nok mer å hente i kjelleren.
17. mai i Antananarivo
På Madagaskar feirer nordmenn ofte 17. mai saman på den norske skulen i Antsirabe, og me hadde planlagt å reisa dit. Men så flytta den amerikanske skulen årets matfestival til 17. mai. Sigrid argumenterte sterkt for at ho måtte vera der, for klassen hennar skulle mellom anna laga norsk mat.
Utan å spør oss definerte dei at den norske maten som burde presenterast på festivalen var komle og krokanis. Etterkvart vart det slik at Birgit og ville vera her, for klassen hennar framførte den nye skulesangen som Tor har skrive til den amerikanske skulen i Antananarivo.
The ASA song
We are coming from the East
We are coming from the West
And from Madagascar, too
A diversity united
That is why we are the best
And we’re coming straight at you
Each and everyone a star
Do you wonder who we are?
We’re the kids in white and blue
We belong to near and far
But together we all are:
The American School of Antananarivo
17. mai er barna sin dag, så Tor og eg salta lammekjøt frå 2 lår frå New Zealand og laga kolerabistappe før frukost i går. Kolerabi var drassa ner frå Norge. I frå hagen var det fort gjort å laga ein “nasjonal” bukett i rødt, kvitt og blått til det norske bordet.
Matfestivalen var flott, der var minst like mange land representert med mat som i Bjergsted i Stavanger. Eg tippar at den norske standen var den som hadde lågast omsetning, men krokanisen forsvann fort. Eg åt sushi, vårrullar og hollandske pannekaker, Birgit fekk slush og hot-dog på den amerikanske standen.
Ettermiddagen og kvelden hadde me heime hjå oss sjølv, med kortspel og twist og stort bål på peisen. Eg fekk 4 gratulasjonar på dagen, 3 frå Nablus og ein frå Stavanger.
Nå skal Tor, Birgit og eg ut og gå eit turløp til inntekt for ein organisasjon som opererer barn med spalta ganer. Sigrid har ikkje tid, ho jobbar på spreng i dag, for i morgon reiser ho med “sustainable design” klassen til Fianarantsoa. Dei skal jobba denne veka med byfornying av gamlebyen som me skreiv om i april. Etter skuleturen er det mange prøvar før skulen tek ferie 12. juni.
PS: Inntektene av matsalget gikk til veldedige formål, bl.a. gamlebyen i Fianarantsoa.