Uti min hage

Regntida er snart slutt og det har vorte kaldare her i Tana. Birgit har teke fram dyna ho fekk til jul og syns det er deilig å sova under dyne. Døtrene mine vil ikkje vera med å bada i dag, det er for kaldt, berre ca 25 grader. Eg er den ivrigaste på svømming, for eg treng litt trim. Her får eg ikkje verken sykla eller gått slik som heime, så det vert eit altfor roleg liv for kroppen min. Ryggen protesterar. Dagane vert kortare, sola står opp litt over seks og går ned før halv seks om ettermiddagen, og då vert her veldig mørkt! Det er ofte mørkt før eg kjem heim i frå arbeid nå.

Men hagen er frodig! I dag har eg har vore ute og teke bilder av nokon av blomane mine. Eigentleg er det ikkje sesong for orkiderar endå, men som de kan sjå har eg nokon som blomstrar allereie nå. Det gror mange hundre typar orkidear vildt på Madagaskar, (738 typar som høyrer til 57 klassar på Madagaskar og Komorrene står det i boka mi, av desse er 647 endemiske, dvs at dei finns bare her). Det er ikkje slik at me ser veldig mange typar orkiderar når me går på tur, men eindel har me sett. Det er særleg inni skogen me finn dei, dei skal ikkje ha sol og veks gjerne oppi trea som snylterar. Dei fleste eg har i hagen har eg kjøpt og nokon av dei har eg fått av vener.

På uteplassen vår på verandaen er det ikkje sol, så der har eg sett nokon av dei nye blomstrande orkideane. Tor og eg sit på verandaen med ein kopp kaffi etter frukost når me har fri, han sit og ser på fuglane og eg nyt blomane mine.

Eg talde 10 klaser bananar i bananpalmene våre i dag. Bananane våre er gode, men me har ikkje heilt forstått korleis me skal modna og oppbevara bananar. Pasjonsfruktene er ikkje ei sesongfrukt, me har litt pasjonsfrukt mest heile året, og kan gå og ta inn nokre få frukter kvar gong eg kjem på det. Det er ei god frukt!

Rosene blomstar heile året her. Eg har tenkt å be gartneren klippa ned rosebuskane i juni før me reiser heim på ferie, for nå er mange av rosebuskane høgare enn meg. Mange av rosene våre luktar godt, og særleg denne rosa rosa luktar veldig godt. Rosebuskane var her når me flytta inn.

“Bedet” ved innkjørselen til huset vårt har mange typar blomar og fargar. Me har buskar i hagen med blomar som ikkje liknar på noko eg har sett før.
Julestjerner som me har inne kring jul i Noreg heiter Madagaskar her. Når ein bretter blada i to på langs, så ser dei ut som kartet over Madagaskar, og fargane rødt, grønt og kvitt er flagget og fulle av symbolikk. Sesongen er nå, og dei er utruleg flotte!

I dag lengtar eg litt heim, eg ville me vore på Bryne i konfirmasjonen til Knut Bjarte saman med familien min.