Sør i landet etter påske

Broderen

Ivar fikk bruk for vidvinkelen
Ivar fikk bruk for vidvinkelen

I påsken hadde vi besøk av min bror Ivar og kjæresten hans, Britt. Sammen dro vi på tur sør- og sørvestover til kysten. Først kjørte vi alle 6, med 4 overnattinger underveis. Tilbake kjørte Turid og jeg bilen mens resten av folket ble et par dager lengre ved stranden og tok fly, slik at alle kom tilbake Tana omtrent samtidig.

God bil, men spennende

Dagen før vi skulle dra døde bilen. Det var ikke strøm på den, selv om batteriet var fulladet. En av kollegene til Turid kontaktet sin private mekaniker (han jobber på Toyota-verkstedet i byen). Han hadde tatt ferie og var på vei til å dra utenbys. Men han satte seg i en drosje og kom hjem til oss. Der lånte han verktøy og strammet klemmen på den ene batteripolen. Så var bilen OK igjen og vi kunne pakke oss avgårde. Vi betalte drosjen for mannen.
Vel avgårde, dvs. ca 5 mil sørover begynte plutselig alle lysene på dashbordet å lyse og blinke. Vi stoppet og undersøkte. Viftereimen var falt av og laderemmen var røket. Men vi sto ikke fast! Vi hadde reservereimer og vi hadde verktøy. Det var bare spørsmål om å finne ut hva som måtte løsnes for å tre reimene på plass.

0803folk01Da stoppet en annen Landcruiser og en flokk gassere kom ut for å hjelpe til. Plutselig var det de som sto på hodet i motoren vår og mekket. Det tok dem kanskje 20 minutter, og så var alt OK igjen. Gasserne dro videre, og det gjorde vi også. Vi vinket til dem der de sto på en rasteplass noen mil senere.

Du vil se to forskjellige jeg-personer i dette innlegget. Turid og Tor har skrevet litt hver. Hvis du følger med på språket ser du fort hvem som er hvem. Turid skriver nynorsk. Det gjør ikke Tor.

På tur

Langfredag etter skuletid (!) kjørte me og henta Sigrid og Birgit på skulen, deretter kjørte me til Antsirabe og tok in på Hotell des Thermes. Turen skal ta 3 timar; me starta litt før 3 og skulle vera framme til 6 før det vert heilt mørkt. Grunna viftereimproblemet vart det ein time mørkekjøring før me var trygt framme. Det er ikkje kjekt å kjøyra i mørket her, det er mange folk ute og går i gatene og dei har ikkje på refleks og er vanskelege å sjå. Men me kom fram utan å kjøra på nokon.

Lørdag kjørte me til Ambalavao og tok inn på hotell Bourgainvilla. Det var eit hyggeleg og enkelt hotell, heldigvis hadde me med dopapir sjølv. Om kvelden sat me ute under eit tre og koste oss. Då oppdaga Britt ei flaggemus som flaug rundt oss og åt noko i treet rett over hovudet mitt. Tor var på plass med kameraet sitt. Å så søt den er sa Britt, utifrå bildet kan de sjølv vurdera kor vakker flaggermusa var. Eg har mangelfullt utvikla sjelsevner og forstår meg ikkje heilt på dette med søte dyr.

Arten er Commerson’s leaf-nosed bat Hipposideros commersoni. Den er 110-145 mm lang og finnes kun på Madagaskar. Spiser for det meste store insekter.
Regntiden fôr hardt fram
Regntiden fôr hardt fram

I Ambalavao hadde me tenkt å sjå på papirproduksjon og silkeutsalg som er dei to tinga som vert drege fram for turistar i denne byen. Påskeafta og 1. påskedag var ikkje dette eit tilbod, så søndag morgon kjøyrte me vidare til nasjonalparken Isalo. Vegen vart fantastisk god sør for Ambavalao – det var rette strekningar mil etter mil og god asfalt, dagsetappen gjekk så godt at me var framme før lunsj (sjølvom me brukte ei god stund på å finna hotellet som ikkje hadde noko skilt langs vegen).

Fugleliv

Vi så en del fugler underveis. Noen så vi langs veien, og noen på guidet tur i nasjonalparker o.l. Her er noen eksempler:

Det ble noen varme, myggfyllte vandringer på jakt etter fugler og andre naturopplevelser. Vi så mye fint, selv om dette ikke er den beste årstiden for slikt.

Stylteløper
Stylteløper

Stæren (Common Myna, som også er i Tana) og Skjærekråka (Pied crow – 50 cm) så vi nesten hele tiden. Også Rød Fodi så vi mye av. For ikke å snakke om Kes – den lille Madagascar Kestrel som har blitt fast akrobat i luftrommet foran verandaen vår (se innlegget om fuglelivet ved verandaen).

Den kongelige hage – Jardin du Roy

I Isalo tok me inn på Jardin du Roy – Jardin er hage på fransk, og Roy er navnet på ein naturleg steinformasjon som står nær hotellet og ser ut som eit dronninghovud. Dette er det finaste hotellet eg har budd på i mitt liv. I tillegg var maten svært god. Hotellet var sett saman av mange hus som alle var bygd i stein tekne ut frå fjella nokre kilometer i frå. Eigarane er franske, og arkitekten hadde teke utgangspunkt i steinbyggertradisjonen i Bretagne. Dei lokale arbeidarane hadde fått ganske frie hender, og overraska eigarane med å legga inn mange små og store steinfigurar i veggene både ute og inne.

Hotellet ligg perfekt til i eit ”wild west” landskap, med sandørken og ville fjelltoppar rundt. I kveldinga sat me på verandaen og beundra fuglelivet, mellom anna oppdaga me ein spesiell fugl kalla Night Jar som hadde eit underleg flyge/hoppemønster i mørkninga, og kom med nokre spesielle lydar. Me var saman på hotell Jardin 2 netter. På Mandagen gjekk me på tur med guide i nasjonalparken Isalo.

Bara-folket som bur i området hadde påskefeiring på campingplassen der den fyrste turen starta og enda. Det var mange hundre mennesker på picnic, og me kunne studera på nært hald kor mange mennesker det er muleg å få inn i ein taxi-brousse. Ei gruppe ungdom gjekk framfor oss og sang salmar fleirstemt ei lita stund på turen. Det sterke kjønn bada i 2 kulpar rennande deilig vatn.

Eg skulle godt hatt ei veke til å gå på tur i fjella i Isalo! Den mest kjende atraksjonen der – ein kulp som turistane bruker å bada i, var fylt med sand etter syklonane i februar, men kulpane me bada i var like fine.

Paradis

Frå Isalo kjørte me vidare til Toliare og 27 km nord for byen tok me inn på hotellet Paradisien. Her fekk me runde bungalower ved stranda, og me som liker å bada kunne veksla mellom å bada i sjøen og i bassenget. Sjøvatnet var langt over 20 grader, så her kunne ein svømma så lenge ein ville utan å verta kald. Det var veldig salt vatn.

Andre dagen på Paradisien reiste me opp til ein baobabskog og gjekk ein guida tur. Det var flott å sjå baobabane, fuglane osv., men her var det enormt mykje mygg. Den lot seg i liten grad skremma av myggstift og stakk gjennom skjorta til Tor. – Lite kjekt.
0803vandringsmann

Retur

Dagen etter kjøyrte Tor og eg åleina heimatt, mens dei fire andre vart att på hotellet til lørdagen. Då flaug dei heim med Madagascar Air. Me kom heim samstundes.
Rett sør for nasjonalparken Isalo ligg Ilakaka, ein gruveby som er bygd opp kring funn av safir og andre edelsteinar. På returen var me innom eit av utsalga i byen og såg dei vakraste steinane. Stemningen i Ilakaka er heilt som på ein westernfilm, det heile virkar litt absurd. Mykje politi med våpen, masse fartsdumpar og utlendingar som spekulerer i edelsteinar. Folk grev og finn steinar i grøfter og hagar.

Zebuen drives i flokker på 20-50 dyr mot markedet i Ambalavao
Zebuen drives i flokker på 20-50 dyr mot markedet i Ambalavao

Nokre mil sør for Ambalavao vart brått vegen full av kuskit, det var mest som vegen var glatt. Kort tid etter kjøyrte me i fleire kilometer forbi flokk etter flokk av Zebu, meir enn tusen dyr i alt, flotte velfødde zebuar på veg til marknaden.

Fianarantsoa

På nordoverturen stoppa me ein plass 1700 meter over havet, der var det skog og svært frodig. Langs kysten er det for varmt og for lite vatn, så der er landskapet meir ørkenaktig. Siste natta på turen sov Tor og eg ei natt i Fianar eller Fianarantsoa. Der fekk me ein fin spasertur opp i gamlebyen. Oppe på ein høgde i Fianar har ein liten NGO teke mål av seg til å få restaurert gamlebyen.

Byen vart grunnlagt i 1830. Organisasjonen World Monument Fund har på si liste for 2008 – 2009 lista gamlebyen som ein av dei 100 mest verneverdige stadane i verda. Dei har starta med å få bygd eindel toaletter og har pussa opp nokre hus.

Folka som bur der er stolte og glade over å få det så fint, og det bugna av blomar kring dei opp-pussa husa. Men det er vanskeleg å få finansiert prosjektet. Dette er ikkje institusjonar, men privathus. Eg vonar dei får det til å redda La Vieille Ville, for dette er ein flott plass! Under syklonen i februar hadde to av dei verneverdige husa mista taket.

Ambositra

Lørdag er markedsdag i Ambositra. Det tok tre kvarter å kjøre gjennom den lille byen, og hele morgenen møtte vi mange til dels fint kledde folk på vei innover, for å kjøpe eller selge. Typisk for dette distriktet var Trilby-hatt for mennene og bare en brem-fri pull eller kalott for damene – i fargerik bast, selvfølgelig.

Baobab
Baobab

Det ble en kompakt tur: altfor kort, men innholdsrik. Alle var glade, selv om Sigrid hadde vel så god lyst til å være med vennene sine. Vi møtte mange kjekke folk underveis, også en nyankommet amerikansk famile med mindreårige barn på skolen “vår”.
Det er like påfallende hver gang vi stikker nesen utenfor byen: Dette er et så rikt, vakkert og mangfoldig land, og vi møter så mye vennlighet, hjelpsomhet og godhet overalt. Men folka i dette rike landet er fattige, og på denne turen såg me for fyrste gong her på Madagaskar eindel feilernærte barn med store magar. Me fortel dykk om alt det fine me ser langs vegen, men det er vanskelegare å fortelja om fattigdomen me ser. Husa sør i landet er små hytter, sjølvsagt utan vatn og straum, og det er vanskeleg for oss å forstå korleis det er å leva under deira kår.

Det er et tankekors at på mange av de beste turistplassene vi besøker havner pengene våre i franske lommer. Vi kan ikke ligge våkne på grunn av det, men det gir oss et ekstra push til å gi bidrag til gode prosjekter som kommer dette landet og denne befolkningen til gode.