Birgit inviterte jentene i klassen til 10 års dag på tirsdag. Det var ikkje mange som kom, men dei hadde det kjempekjekt. Sigrid og venene hennar lagte fest for småjentene.
I dag er Djanna frå klassen til Birgit på overnattingsbesøk hjå oss.
Sigrid hadde 6 vener på besøk i går kveld, dei såg film. I dag er dei hjå Torry, og Sigrid skal overnatta der. Mandag vert Sigrid 16 år, og 7. mars reiser ho til Kina!
I meldingen eg la ut forrige veke skreiv eg om dei som omkom på eit hotell på Ile Saint Marie. Det var feil, gjestene på hotellet overlevde. Men øydeleggingane etter tornadoen Ivan var mykje større enn me visste forrige veke, nå er dødstala oppe i 29, og mange tusen er heimlause. I tillegg øydelegg flaumen rishausten i dei områda som produserer ris. Meir om dette finn de på Irinnews (IRIN (Integrated Regional Information Networks) is part of the UN Office for the Coordination of Humanitarian Affairs, but its services are editorially independent.) Ei dame eg kjenner veit framleis ikkje om jentene hennar har klart seg.
Margot og familien kjøyrte sørover mot Toliare onsdag. Dei kunne fortelja at Ivan hadde øydelagt mykje på vegen der dei kjøyrte, men var ved godt mot siste eg snakka med dei.
Her i Tana har det regna mykje i veka som gjekk. Men i morgon seier værmeldinga sol.
[IP-telefonen vår virkar ikkje denne helga.] Tor red. søndag form.: Vi installerte ny trådløs ruter og det ble litt krøll, men nå er det i orden.
Neste helg er eg på Bryne med 5 kollegaer frå OMNIS!