Jul i Tana

Det er 1. juledag i Tana.
I år har me ikkje sendt julebrev og det meste av førebuingar me gjer før jul vart ikkje noko av.

Eg prøver å hugsa 2007, og eg har opplevt så mykje at eg kan mest ikkje forstå at alt var i år:
– i februar var eg i Houston og Galveston
– etterpå gjekk me på ski til hytta i Slettedalen, inkl Tor!
– så fekk eg jobb på Madagaskar, og endra fokus
– i mars gjekk eg av som leiar i Nablusforeninga
– 29. april vart Sigrid konfirmert
– så prøvte me å finna ut av korleis ein flyttar, kva skulle me ta med, kva skulle me gjera med hus og bil
– i mai reiste eg for fyrste gong til Tana og klarte ikkje å skaffa ein plass å bu
– før eg kom heim att reiste Sigrid til Island
– i juni flytta eg hit, og hadde ein lang måned åleine på hotell, eg vart godt kjent i byen
– så kom Sigrid, Birgit og Tor i juli, me hadde hus og skulle prøva å finna ut av å bu her. Før dei kom skaffa eg hus, litt møbler og ein 11 år gamal Toyota Landcruiser som me har opplevt mykje i
– me tok 2 veker ferie nordover på Madagaskar i juli
– hausten har vore travel og interessant for meg
– Tor har ikkje fått gjort det han ville, mest pga augene og Birgit?
– Sigrid har fått det godt til både fagleg og sosialt
– Birgit snakkar engelsk nå, men det vart tøffare enn me hadde forutsett. Nå går det betre for henne, men ho seier at fordi om det går betre treng ikkje det bety at ho har det kjekt.

Birgit var ivrig nisse i går kveld. Juletreet gjorde nytten, pakkane passa under treet. Birgit var mest interessert i å gje gåvene i frå Birgit.
Men så fekk ho pc med bilde av ein katt på, og diddel. Sigrid fekk billett til Kina i mars.

Det var kjekt å feira julafta saman med Bjarte, Anlaug, Kjartan, Solveig og Linn. Me åt pinnekjøt, kolerabistappe og tyttebær, og det gjorde ikkje noko at her er 25 grader. Kvelden vart avslutta på verandaen, eg såg svære flaggermus. Eg trur dei liker fersken.

Ingen vart sjuke før dei fleste presentane var opna.

Nå sit dei fleste på veradaen, nokon spelar kinasjakk og drøsen går. I dag skal me ha lite program, kanskje kan eg lesa ei av bøkene eg fekk i går?