I dag er det 4. søndagen familien min er med meg i dette underlege landet.
1. søndagen åt me krokodille i krokodilleparken. Birgit fekk mata struts og halda ein slange. Birgit var litt redd strutsen. Sigrid likte godt kameleonen.
2. søndagen tok me ut på ferie med den nye 1996-modellen av ein Toyota LandCruiser. Bilen er god, men air-conditionen kunne vore betre. Kjøyreturen vart drøye 100 varme mil. Fyrste delen av kjøyreturen var på fjellet omlag 1500 meter over havet. Store flotte landskap. Etterpå kjøyrte me ned mot kysten. Der var byggeskikk og folkeliv meir slik eg hugsar det frå fastlands-afrika. I Mahajanga tok me inn på eit hotell som har eit saltvann-svømmebasseng på 50 meter. Eg og jentene svømte mykje der. Sjøen utafor Mahajanga frista ikkje, den er rød grunna jorderosjon. I Mahajanga prøvte me for fyrste gong å kjøyra pousse-pousse.
I frå Mahajanga reiste me vidare til Antasanitia Resorts, ein drøy time på svært enkel veg nord for Mahajanga. Då var det godt å ha bil med store hjul. Antasanitia var ein deilig plass! Der høyrte me geckoane synga om kvelden. Ein av dagane leigte me oss tur på ein katamaran med svære segl og seilte ein tur. Sjøen var ok å bada i, og fulgelivet fantastisk. Katamaranen gjekk fort, men me vart forbisegla av denne farkosten. Folka som arbeidde der var som overalt her venlege og hjelpsomme. Svømmebassenget vart mest nytta av Birgit. Det er rart å vera rikfolk på tur slik me er her.
Etter Antasanitia kjøyrte me til flyplassen i Mahajanga. Der vart me møtte av flygaren Jackie. Flyet hans tek 4 personar, så me måtte ha 2 turar for å få frakta heile familien til Lodges des terres Blanches – 100 km nord for Mahajanga. Det var spanande for dei fleste av oss å flyga eit så lite fly, og morsomt å flyga over området me hadde budd på/kjøyrt frå tidlegare på dagen. Me flaug langs kysten og såg det flotte landskapet, men og skogbrann og store områder med jorderrosjon. Landingsstripa var heilt Hollywood (Indiana Jones eller noko). Dagane på lodgen vart brukt til bading og sigh-seeing pr båt, samt fugle- og lemurspaning på land og masse god mat. Havet var reint og flott, strendene fine med flotte korallar. Ein dag såg me tusenvis av svære flaggermus – “Madagascar Rousette“. Dei et frukt. Me hadde og ein tur inn i “Mangroveland” – mangrover er tre som veks i ei blanding av salt og ferskt vatn. Iflg verten vår er mangrover svært bra til husbygging fordi verken termitt eller andre dyr et tre som veks i saltvatn.
Dagen etter reiste me til eit errosjonsområde, det var fantastisk flott med altslags formasjonar. På returen frå Lodgen fekk Birgit prøva spaken i flyet. Turen til Lodges des terres Blanches var rein luksus, strendene flotte og maten god. Me var dei einaste gjestene nå midt på vinteren utanfor sesongen.
Siste stopp på veg heim var nasjonalparken Ankarafantsika. Me hadde 2 overnattingar der i ei heilt grei hytte som heiter bungalow her. Me var ute på ulike vandringar med guide og såg lemurar, fuglar, krokodillar og baobab. Naturen her er svært ulik den norske og skog er ikkje skog. Før me reiste la eg ut melding om nytt lokalt telefonnummer. På ferien vår har me vore utafor telefondekking, så dersom nokon har prøvt å nå meg er det heilt sikkert at eg ikkje veit det.
Me saknar ikkje regnet i Stavanger!
Overveldende!
Det er som å komme ut av skallet på nytt. Alt jeg ser som kryper og kravler, flyr eller løper er nye arter for meg. Jeg vet ikke hva de heter, hvor de bor, og om de spiser insekter, blader eller meg.
Her er det en linerle som ligner en kjøttmeis (Madagascar Wagtail motacilla flaviventis) og det finnes en rødstrupe som ligner en skjære (Madagascar Magpie-Robin copsychus albospecularis). Enda to småfugler og en stor kråke opptrer med tilnærmet skjæredrakt – de har vi ikke bilder av. Skjærekråka så vi hele tiden mens vi kjørte over fjellet mot Mahajanga. Det var mye ørn også – eller egentlig glente (Yellow-billed Kite milvus aegyptius).
Her er sommerfugler og møll på størrelse med småspurv. Og gresshopper på størrelse med en voksen manns tommelfinger. Sigrid greide til og med å fotografere den i flukten.
Disse billene, som drikker saft som renner ut av Baobaben er også ganske store, fire-fem centimeter. En kameleon så vi i en busk ved bordet vårt på uterestaurant…
Geckoen kommer fram når det blir mørkt. Den sitter – gjerne under en lyskilde – og venter på insekter som den hopper fram og glefser i seg. Her ser du et vellykket eksempel.
Folk har skilpadder i hagene sine her, men disse er fra krokodilleparken. De minste er på 30-35 liter, kan jeg tenke meg.
Noe som går igjen på mange forskjellige fugler her er at de har en fargeklatt som ser ut som et alt for stort øye. Når man blar gjennom “Birds of Madagascar” ser man det overalt.
Ennå har jeg ikke nevnt lemurer – disse kosedyrlignende skapningene som øya er så kjent for – heller ikke flaggermus, som vi også ser mye av. For ikke å si planter. Ingenting er som hjemme, men i dag har det regnet her. Og vet du, regnet ligner i hvert fall det vi har i Stavanger.
Her er noen andre skojere vi har møtt:
Og edderkoppen bor i hagen vår. Til Sigrids store fortvilelse.