Andre år på Madagaskar

Det er ei drøy veke sidan me kom tilbake frå ein god sommarferie i Noreg, tilbake til huset, jobben og kvardagen vår her i Ivandry. Men jentene har skuleferie til 27. august, så det er kanskje berre eg som har kome heilt til kvardagen.

Me har hatt 2 gartnerar i sommar, og hagen min er så flott! Det nyt eg.

Sigrid sine vener er delvis tilbake, dei fleste har vore i USA, så ho har starta sitt aktive sosiale liv. I tillegg kan ho sitja i stova å vera på facebook på telefonen sin, og eg forstår at det er svært.

Birgit har fått 2 nye norske vener, Mats som ho skal gå i klasse med, og broren Stian. Begge skal starta på ASA. Dei kjem frå Hamar men nå bur dei i nærleiken av oss. Dei 3 leika kjekt saman i helga, og i dag har Birgit vist rundt på skulen.

Tor er fortsat kreativ og har skrive fleire sangar sidan me kom tilbake.

I det praktiske er der alltid eindel å ordna. Forsterkarar og høgtalarar og fast-telefonen vår hadde røke i dei turbulente straumforholda me har her. Så nå held me på å skaffa oss nytt. Slikt går ikkje fort og greit. Bilen vår har me ikkje kjørt endå, her var det litt av kvart å reparera, og 2-3 mann jobbar på full tid med den.

I morgon reiser me til øya St Marie og vert der til søndag. Fredag er offesiell fridag på Madagaskar, og dette vert siste rest av ferie for meg i denne omgang. På St Marie reknar me med å sitja på stranda og sjå på kvalane. Øya skal vera flott, og nå er det kvalsesongen – Me skal bu på Sonambo hotell.

Tirsdag neste veke startar 1. workshop på jobb dette semesteret, me er 24 personar frå ca 10 institusjonar som skal til Nosy Be og jobba med politikk og strategi innan petroelumssektoren. Eg får 4 norske ekspertar hit søndag kveld, så då er det for alvor slutt på ferien.