Mot jul 2007

November rapport

November var ikkje ein måned med overskot til å skriva på bloggen, det vart ein hektisk måned for min del.

Jobben vart vanskelegare. Siste dagen me var i Noreg vart sjefen min i OMNIS utpeika til minister for energi og gruvedrift. Me hadde funne ein god måte å jobba saman på, og så forsvann han. Styringsgruppa som var så entustiastisk med til Noreg, forsvann i ulike retningar då me kom tilbake. Leiaren vart utpeika til ein annan jobb, og gjekk ut or styret. Styret må møtast og vedta budsjett og arbeidsplanar for at OMNIS skal kunna be om pengar frå Noreg. Det skal skje 2 gonger i året, og den eine er i november. Det har vore svært vanskeleg å samla styret i måneden som gjekk.

Tor reiste til Noreg, og eg måtte administrera heimen og vera leksehjelp for Birgit.

Men mykje går bra her. Tor er tilbake og ser betre, og me trur det var ein vellukka operasjon, men han slit med eindel smerter. Han går rundt med solbriller inne, og lyset gjer vondt. Han kom tilbake forrige onsdag. Torsdag feira amererikanarane Thanksgiving, og me vart invitert på middag til Hollies. Det passa fint å feira thanksgiving den dagen, me var glade for å vera saman att og at Tor ser mindre (ikkje dobbelt).

Birgit har det mykje betre. Me har fått ein avtale med skulen om at ho ikkje skal gjera lekser meir enn ein time pr dag. Ho har jobba altfor mykje i haust. Ho snakkar engelsk med medelevar, og ho forstår det som vert sagt, og me ser meir av glimtet og energien hennar att. I går var ho på film på skulen etter skuletid, og det syns ho var kjekt. Denne veka starta me med eit nytt tiltak, ho skal vera att på skulen ein time kvar onsdag og leika/gjera lekser saman med ein stor jente som har dettes om prosjekt. Birgit likte det godt fyrste gongen. Nå er det ikkje slik at ho ber om å få sleppa å gå på skulen, og ho har mykje å fortelja når ho kjem heim.

Eg og jentene tok ein tur til Antsirabe og oppsøkte det norske miljøet kring den norske skulen der helga midt i november. Me visste at de bur ei norsk jente på 9 år som heiter June der. Straks me kom, kom ho springande, så sto dei to niåringane litt på hendene og gjekk ned i spagat og kontakten var i orden. Det vart ein flott tur til Antsirabe. Byen er svært ulike Tana. Der var breie vegar utan mange bilar, ope og fritt. Me skal tilbake til Antsirabe 20. desember.

I dag er det desember, og me skal ned på Carlton på julemesse, og Tor vil pynta huset og finna fram julemusikken. Eg har vore ute i hagen og kjent om ferskenene er modne, det er nære på. Me har eit stort tre me masse fersken på, og det nærmar seg og at me kan eta pasjonsfrukten frå hagen. Temperaturen i veka som gjekk har lege mellom 25 og 30 grader, og me søv med berre laken. Eg hadde tenkt å legga ut eit bilde av jakaranda-trea her i Tana. I november er det blomstrande tre overalt her, og jakaranda-trea er overalt. Svære blåe tre. Flotte. Kanskje får me tid å ordna det før dei er avblomstra.

Om 18 dagar kjem Bjarte og familien, me skal feira jul saman. Me gler oss, og veit at det meste vert ulikt norsk jul i år.

Natt til torsdag var her pøsregn og torden. Gleda var stor torsdag morgon då me fann ut at me ikkje hadde flaum på badet, og det hadde heller ikkje regna inn på kjøkkenet. Det er fyrste regnbyga me har hatt her utan å få nokre liter inn. Nå håper me at taket er tett! Dette er starten på regntida, så tett tak kan vera godt å ha.

I går var eg ute på presidentpalasset på Javlo. Der deltok eg på ein avslutnings-sermoni for årets president dialog. I heile november har presidency arrangert store dialogmøter med leiarar frå ulike sektorar (regjering, parlament, senat, næringsliv, NGO-ar, tradisjonelle leiarar frå andre regionar, internasjonale donorar). Hensikten er å få fram kva som må til for å utvikla landet, og realisera den store Madagaskar Action Plan-en (MAP). Eg, saman med 3000 andre, høyrte på mange talar som skulle oppildna alle til å ta tak og driva fram nødvendig handling i dette landet. Hovudtalaren var presidenten, og han var god. Behova for endring er store i dette landet, planen er god, og eg vonar dei får det til.

I går kveld landa 2 personar frå Finansdepartementet, dei skal vera her ei veke for å prøva å få i stand ein avtale og ein handlingsplan for samarbeid om korleis Madagaskar kan handtera eventuelle store inntekter frå engeri-sektoren. Dei har sagt ja takk til grøt hjå oss i dag. I morgon har me invitert Hollies til middag her.

Nok ei travel veke i Tana

Denne veka har me hatt det varmt, og me ventar på regnet.

Eg har jobba lange dagar.
Finansdepartementet i Noreg har vitja oss, 2 hyggelege menn derifrå kom for å få på plass kontrakt og innhald i prosjektet revenue management. Onsdag var kontrakten underskriven av sjefen i OMNIS, Ministeren for Finansdepartementet og Arent frå Noreg. Dette vart hovudoppslaget i Madagascar Tribune på torsdagen. I løpet av veka vart det og sortert ut kva innhald prosjektet skal ha i 2008 – 2009. Me har hatt møter i OMNIS, PGRM, ulike avdelingar i finans og budsjett departementet, presidensy, sentralbanken og me møtte ein parlamentarikar. Det er mykje å læra for meg i møte med fagfolk frå ulike norske institusjonar, og interessant å sjå kor ulikt dei norske fagmiljøa ser ut til å jobba.

Heime har Tor halde fortet. Det går betre med augene til Tor, det verkar ikkje så mykje dersom han ikkje klør seg om natta.

Onsdag hadde me besøk av Ola Aasland Vold og kona. Det var rørande å møta augo hans, han likna så på Aud – mora hans som døydde i 1991. Me snakka om Aud heile vegen då eg kjøyrte dei heimatt utpå kvelden.

I går var Birgit i førselsdagsselskap hjå ei jente i klassen. Det var kjempekjekt.

Sigrid tok med seg 3 venninder heim i går ettermiddag, dei skulle pynta seg til dansefesten på skulen. Eg fekk sms frå Tor at nå var alle dusjane i heimen i bruk. Latteren sto i taket då eg kom heim, golva var fulle av handkle og ungdommane eg kjøyrte til dans var flotte.

I natt kom Jorunn Romsbotn hit, neste veke skal me jobba saman att! Då skal me gjennomgå arkiv-situasjonen i OMNIS og delta i planlegging av endringar. Jorunn bur hjå oss, så nå skal me snart gå tur gjennom huset, men fyrst skal me ha frukost.

I dag skal me gå på julemarked på skulen, der skal vera 50 boder med ulikt kunsthandtverk. I kveld serverer Tor Bakalao, og me har to gjester både Jorunn og Lillian.

3. søndag i advent

I dag skal me tenna 3 lys på staken, og det er Birgit sin tur å opna kalenderen.
I går var Sigrid, Birgit og eg saman med ca 10 andre hjå Synne og baka julekaker! Det vart både kvite kakemenn, pepperkaker, tysk julebrød, vaniljehalvmånar, knekk og karamellar. Birgit kosa seg aller mest med 2 kattungar. I ettermiddag skal me gå i den angelikanske kyrkja og høyra ein julekonsert, ein kollega av meg fortalde at han spelar cello der.
Me har nokre få ting som minner om advent heime.

Ute er det ca 30 grader, og eg sit og ser utover rismarkene der mange har jobba sidan det var lyst for nokre timar sidan. Sola skin og ferskenane og passionsfrukta modnar.

Sigrid har hatt 4 eksamenar i veka som gjekk. Fredag fekk Sigrid og Birgit juleferie. I klassen til Birgit slutta dei av med stort badeselskap på Cotton Club. Sigrid var invitert i 18 års dag fredag, festen starta klokka 22 og ho overnatta hjå ei av vennine. Dei hadde det kjekt. Birgit var heime hjå Jara i klassen og bade vidare fredag etter skulen, så ho vart litt solbrent den dagen.

På jobb heldt Jorunn Romsbotn og eg workshop i veka som gjekk. Det var spanande. Dialogen er interessant. Me tenker ofte ulike. I “vår” måte å tenka på er det opplagt at fyrst må me gå inn og sjå på dagens situasjon, og finna ut korleis ein vil ha det framover. Deretter vel ein programvare og hardvare ift ynskja løysing. Her kan dette synast som ein omveg, og det kan henda at dei syns me gjer feil som ikkje berre presenterar løysinga.

Nå gler me oss til 18. desember. Då kjem Bjarte, Anlaug, Kjartan, Solveig og Linn Orlaug og vert her i 3 veker! Torsdag reiser me til Antsirabe og vert der 2 dagar, lørdag kjem me heimatt og steller jul i heimen.

Juletreet er kommet

Juletreet kommer
Juletreet kommer

Nå har vi fått juletreet til gårds. Det er første gang vi får juletre levert med pousse-pousse, og selve tanken var så eksotisk at vi uten videre bladde opp de 30 kronene transporten kostet ekstra. Det er bare jul en gang i året.

Treet står på rot, så vi kan velge å ha det innendørs i potte til over jul, eller plante det ute med det samme. Julelysene våre kan godt stå ute, men da må vi finne noe annet å legge presangene under. Vanskelige valg! Det ligger tunge tradisjoner bak mye av dette. Skal tro om vi greier å samle oss om en felles løsning.

"...et hellig tall"
“…et hellig tall”

Til frokost tente vi tre lys. Det er vanligvis Birgit som har den jobben. Legg merke til blåbærene på bordet og modne fersken på treet i hagen. Nå er det velstand her! Kaviar har vi også.

Tillegg Julaften:

På rot du liksom! Da vi skulle ta treet over i potten oppdaget vi at det var kappet ned over roten, og så bare stukket ned i en sekk med jord for å se mer verdifullt ut. Vel vel, godt vi hadde med juletrefot. Og nå dufter det pinnekjøtt og kongerøkelse i huset.