Huset me bur i

I dag då me åt frukost sa Birgit i frå at når me kjem heim treng ho eit større rom, for nå er ho van med eit stort og godt rom, med plass til litt av kvart. Det liker ho godt, og ho har fått god orden på rommet sitt. Som de ser har ho plass til ein overnattingsgjest.
Birgit liker å hoppa og turna, og det er plass til å slå hjul 4 og ein halv gong over golvet hennar.

Sigrid har eigentleg eit vel så fint rom som Birgit, men foreløpig er det litt vanskeleg å sjå kor fint det er. Men speilet er på plass, og før skulestart har ho i oppdrag å koma i orden.
Bak gardinene har ho ein fin liten veranda med storarta utsikt. Rommet hennar har ruteren til det lokale intranettet vårt.
Tor og eg har og eit deilig stort rom – med eige bad, veranda (som me deler med Sigrid) og utsikt. Eg har heimekontoret mitt her.

Innkjørselen er ganske imponerande, med stor parkeringsplass og eit svært bed. Der er det 2 store jakaranda tre som blomstar til jul, og ein stor julestjernebusk som heiter Madagaskar her. Som de kanskje ser blomstrar rosene nå midt på vinteren, eg trur dei blomstar heile året. På steinveggen oppifrå bedet har eg kjøpt meg nokre orkidear som eg gler meg til blomstrar.
Me har ein stor port som må opnast når nokon vil koma inn til oss, og innfor porten sit vakta som passar på oss døgnet rundt. Dei har 12 timars vakt. Vaktene er hyggelege unge menn som heller ville ha studert, men dei har ikkje råd, vaktene går på minstløn. Eg har vore inne på tanken om ikkje denne unge mannen burde få ein sjanse til. Han sit gjerne og puggar engelsk i vaktboda.

Gjesterommet er foreløpig heilt umøblert, så langt er det ikkje nokon som har meldt at dei heilt sikkert vil koma før påsken 2009, så det hastar kanskje ikkje. Me har eige lagerrom og.

Me har 2 eller 3 stover, i den inste har me nå sett salongen. Her har me ei av krystall-lysekronene våre. I den miderste stova har me spisebord og peis.
Det er kaldt her om kveldane, så då er det kjempegodt å ha peis.
I den 3. stova har me fjernsyn, det er jentene som bruker fjernsynet mest. Mellom peisestova og fjernsynstova er der dør.
Kjøkkenet er ikkje mindre enn det me har heime, men langt mindre praktisk. Me saknar litt kjøkkenbenkar/arbeidsflater. Me et stort sett på kjøkkenet. Her marinerer Tor lammelåra me skal eta i dag.

Tor har installert seg med kontor i 2. etasje. Tomta vår ligg mest i skuggen, men det kjem litt sol inn på han.

Me har 3-4 bad, og 4 toalett. Nokon av dei virkar, men så langt aldri alle på ein gong. På det eine badet har me vaskemaskin.

I hagen på nedsida av huset har me blomar, bananar, ananas, ferskentre og nå spirer salaten. Me legg opp til kjøkkenhage.
Huset sett fra hagenI frå nedsida ser huset så svært ut som det faktisk er (eg tippar grunnflate på 200 – 300 kvadratmeter, og 2 fulle etasjar). Når me går tur rundt vatnet og ser oppover hit er det eit av dei husa som ser mest bræse ut av alle me ser, eg veit om dei som er større men dei ligg meir diskre plassert inni dei store hagane. Huset vårt viser godt. Utafor stovene våre har me ein veranda.
I frå alle romma på nedsida av huset har me god utsikt over rismarkene og heilt inn til dronningpalasset. Eg trivs godt med utsikten vår!